Full fart og stor innsats i klubbkarusellen!

Postet av Leksdal IL den 10. Jan 2017

Det var hektisk aktivitet i tidtakerbua då påmeldingane strøymde på mellom 17:30 og 18:00. Heile 89 deltakerar gjennomførte første karusellrenn!

0 til 7 år starta karusellen med runderenn. Skarpt føre og stor motivasjon medførte så mange rundar at det til slutt gjekk rundt for underteikna.

I klassen frå 8 til junior var det til tross for harde åpningar og stor fart imponerande jamne runder. Då var det verre i klassen senior...

Men fyrst, heile 21 deltakerar i seniorklassen må ein nok tilbake til forrige århundre for å finne i klubbkarusellen! Som så ofte gjekk damene foran med tidleg påmelding og dei fekk sjølvsagt også siste stikk med 11 deltakerar mot 10 deltakerar i klassen eldre menn.

Ser ein på resultatet er det tydeleg at fleire av oss nok har overvurdert eigne evner og opplevde ein klassisk runde 2- smell. Men artig var det!

Kjøkkengjengen kunne melde om at vaffelpressa hadde jobba tungt heile kvelden.

Så til alle som deltok – takk for innsatsen og velkommen igjen om 14 dagar.


Deltakere og resultat:20170110 Deltakere og resultater.pdf


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.